GAMLEBANKEN PÅ SUNDRE TORG

GAMLEBANKEN PÅ SUNDRE TORG

Gamlebanken i Ål er eit lite minihotell med spisesal, stugu, møterom, selskapslokal, og ein eigen butikk må veta.

Opningstider: Alltid ope for overnatting. 
Kafeen er open kl 11-18 tysdag til laurdag.
Ellers i helgene, på morgonen og om kveldane opnar me ved bestilling / reservasjon for møter, enkel servering, hallingtapas, middag og festmåltid. 

Huset og me som driv på her synest det er svært triveleg å få gjester. Me kan ikkje ha so mange, men me gler oss over å kunne ta oss godt av dei som kjem. 

"Handsaum" for å laga det gode måltid, den trivelege festen med eigne kulturinnslag osb. er det me aller mest er glade for å gjera. Eller laga til for overnatting i eit av romma våre.

Norsk Kulturråd støttar husets eigen scene med gode midlar.
Me kombinerar dette med god mat, god drykk og godt vertskap etter beste evne.

I 1.etasje finn du ein sjarmerande spisesal der du kan nyte god kaffe og smårettar med lokalt tilsnitt. 
Opningstider: 11 - 18, tysdag - laurdag. 

Det er også butikk i bygget: Frida makeløs, - ein butikk med makelause produkt i det makelause kvite huset på Torget, Ål i Hallingdal. Opningstider: torsdag 14 - 18, fredag 11 - 17 og laurdag 11 - 16

På fredagar og laurdagar 18-22 og sundagar 13-19 har me ope kafèen for eigne gjester og for bordbestilling. 

I samanheng med arrangement har me også ope for "drop-in" - stikk innom. For opplysningar om dette er det lurt å følgje med på Facebook-sidene til Aal Pensjonat og i Hallingdølen på papir og web.   

Her finn brosjyre for Gamlebanken og tilbod til bedrifter

Aal Pensjonat B&B er eit godt utgangspunkt for fiske-, ski- sykkel, fjell- og naturopplevingar.


ÅL - ARRANGEMENTKOMMUNEN!

ÅL - ARRANGEMENTKOMMUNEN!

Gjennom året går ei rekkje arrangement av stabelen i Ål.
Gå inn på: www.al.no/no/html/arrangement/
God fornøyelse!

FJELLHYTTER OG STØLAR

FJELLHYTTER OG STØLAR

Vi formidlar utleige av fjellhytter og stølar - full av sjarm og historie!